
Karstein Arvid Sørland, Ålesund døde 8. juli 2026 og vart 96 år gamal.
Karstein var ein aktiv mann, like til det siste. Gjennom mange år deltok han på Emblem IL sine klubbløp i orientering, og han kunne sjå tilbake på fleire meisterskap i internasjonale orienteringsløp for veteranar. Han var ein mann som sette seg mål og som aldri var redd for å utfordre seg sjølv.
I Ålesundløpa var Karstein ein fast og ivrig deltakar. Når det var karusell-løp, valde han tidligare oftast den lengste distansen. Då var det meir naturleg for Karstein å springe 10 kilometer når andre valde 5 km. Han møtte opp år etter år, med den same entusiasmen og gleda over å vere i aktivitet.
Karstein voks opp i Sauda, men budde i Ålesund frå 1968 og vart etter kvart ein velkjend og kjær del av det lokale løpsmiljøet. Eit av dei mest imponerande høgdepunkta kom i 2019 då han på sjølve 90-årsdagen sin fullførte halvmaraton under Ålesund Nyttårsmaraton, godt hjulpe av sonen Svein. Prestasjonen står fram som eit sterkt bilete på viljestyrken, uthaldet og livsgleda hans.
Karstein har framleis den norske klasserekorden på halvmaraton for menn klasse 90–94 år, med tida 4.47.47. Rekorden vitnar om ein idrettsmann med eit heilt spesielt pågangsmot og ei imponerande evne til å halde seg aktiv gjennom eit langt liv. I historia til Ålesundløpene kan ein lese at Karstein har sprunge 28 halvmaraton og totalt 218 større eller mindre løp i Ålesund.
Men det er ikkje berre resultata vi vil hugse. Karstein var ein trufast og jovial ven som stilte opp på løp etter løp gjennom mange år, ofte og for å hjelpe til med arrangementet. Han starta ofte i god tid før dei andre og kom i mål omtrent samtidig. Slik kunne han vere med på fellesskapet, samtalane og det sosiale som alltid følgde etter løpet. Han sette pris på menneska rundt seg, og vi sette pris på han.
Vi vil minnast Karstein Sørland med respekt, takksemd og varme. Han viste oss at alder aldri treng å vere ei hindring for å vere aktiv, engasjert og deltakande. Minnet om den smilande, positive og uthaldande løparen vil leve vidare i løypene han sprang og i fellesskapet han var ein så viktig del av.
Fred over minnet til Karstein.

En fantastisk person og gledespreder som det står respekt av 🫶❤️ . Fred over ditt minne
Tusen takk for fint minneord om pappa. Idrettsmiljøet har vært viktig for han 💙